Kysset kunne vore alt, men no var det ingenting. Eg meinte det var alt, men fordi Vebjørn insisterte på at det var ingenting, fekk han rett. Eg kunne ikkje tvinge han til "alt", men han kunne tvinge meg til "ingenting" når han protesterte på "alt". Når han nekta på "alt", hadde eg ingenting. Det fans ikkje noko mellom, ikkje "litt" eller "kanskje".