Dette kan eg trygt seie no, etter tretti år og endå fleire bøker, at livet og litteraturen går vidare, det er så frykteleg mange bøker der ute, og alle fortener ikkje å bli lesne, men mange av dei gjer det, og om dei ikkje har nokon avgjerande innflytelse på livet, så kan dei likevel gjere noko med deg. Til dømes gi deg gleder du bør unne deg.