OLAV H. HAUGE

Du skal ikkje tru

Du skal ikkje tru det skrivne
og ikkje alt som er sagt.
Dåren har ofte tala,
og mang ein vismann har tagt.

Du skal ikkje tru på noko
for det um det er lov.
Skulde alle det gjera,
verdi snart snorkesov.

Tvila skal du og freista
alt med ditt vesle vit.
Hogg berre øks i veden
og kjenn kvar det morkne sit.

Ingen ting skal du godtaka
utan rimeleg grunn,
for ovtrui veks å nyo
av sin rothogde runn.

Du skal ikkje sverja på noko,
eit kanskje skal vera ditt ord.
Mykje er dult for mannen
millom himmel og jord.

Fyl du din djupaste kjærleik,
og let kunnskap rettleida han,
då kan du hugheilt svara
både for gud og mann.

Verdi er myrk, og livet
er fullt av lygn og rot.
Tanken er blakrande ljoset
for vår snåvande fot.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ina Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87EvaThearitaolineCamillaKarin BergBeathe SolbergelmeVariosaMarianne  SkageConnieAxelinaPiippokattaKarina HillestadEmil ChristiansenGunillaHarald AndersenIngeborgGroLisbeth Marie UvaagHarald KHeidiKirsten LundOdd HebækDemeterHilde VrangsagenAmanda ABertyCarine OlsrødAlice NordliAnniken RøilRandiLaila