Det var på seinhausten, og berrfrostet. Dei hadde lagt godt med bar på vogna under kista, og dei kjørte så varlig dei kunne, men enda humpa det og skaka det så det var stygge ring; Ane beit seg i leppa så ho vart kvit når det var på det verste. Ho tok det elles så tålig, ho Ane; ho hadde aldri venta seg anna enn motgangen.