KOR HEV DET SEG

Kor hev det vorti Veslemøy no
Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid eg kan ikkje meir forstaa.
Den same gjeng eg, I same Ferd,
men d er som eg var i ei onnor Verd.

Alt ser eg og hugsar som daa eg saag;
men stur er eg no der fyrr eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annarleis, annarleis enn det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Heid og framand er Myr;
framand tykkjest meg Katt og Kyr.
Framandt glor det sin eigin Veg
vil kje meg noko. Kjenner kje meg.

Stogo gleiner so kald og graa.
audt og stuslegt der er i Kraa.
Som vali gjeng eg paa Hand og Fot.
alt fell meg tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

Aa denne Heimen so god og kyrr,
aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr!
- Nei, Mor, eg kan ikkje vera glad.
Hugen min er på ein annan stad.

Arne Garborg
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81Marianne  SkageIngunnJMads Leonard HolvikElinBeMalinMarianne AugustaAnn Christin