Ei gruppe martyraspirantar trudde at dei hadde funne ut kvar Bin Laden heldt til, sjølv om han aldri forlèt det fasjonable strøket i Khartoum, der han hadde luksusbustaden sin. Han var like fanatisk som dei, men dei meinte likevel at han ikkje heldt seg strengt nok til læra, og ville derfor kverke han. Under fredagsbøna opna dei eld i moskeen. Det blei eit blodbad. Kort tid etter reiste Bin Laden frå Sudan til Afghanistan. Før han drog, uttala han seg om dei ideologiske usemjene han hadde med vertskapet, som han meinte var for slappe når det gjaldt sharia. Folk hos oss har gjestfridom i kroppen og har alltid teke imot alle kulturar og tradisjonar. Dei skjønte seg ikkje på desse utlendingane som dei hadde opna dørene for, og som deretter feigt smelte dørene igjen så blodet fløymde. Alle fundamentalistane utnytta forresten at regjeringa vår hadde ei romsleg haldning, inkludert fundamentalistane i den kristne Herrens Frigjeringshær, ein opprørsstyrke med hovudkvarteret sitt i Khartoum. Slik hemna Omar al-Bashir seg på dei ugandiske styresmaktene som støtta den sørsudanske motstandsrørsla under John Garang. Nokre år seinare gav den same al-Bashir den ugandiske hæren løyve til å jage den kristne Herrens Frigjeringshær heilt inn i sentrum av hovudstaden vår. Dermed overgav han sine tidlegare allierte, slik han forresten overgav "Sjakalen" til Frankrike i 1994, denne terroristen som han hadde halde handa si over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kari ElisabethTonesen81RonnyTor Arne DahlKirsten LundPiippokattaCathrine PedersenEivind  VaksvikÅsmund ÅdnøyBirkaBerit B LieLabbelineJohn LarsenHeidi Nicoline ErtnæsLailaTone HLene AndresenTorill RevheimAnne-Stine Ruud HusevågMarit MogstadHilde H HelsethTove Obrestad WøienIngeborgRufsetufsaLiv-Torill AustgulenSynnøve H HoelBjørn SturødReadninggirl30EvaBjørg L.Ellen E. MartolBeathe SolbergNinaAnne Berit GrønbechKjersti STore HalsaIngeborg GToveMathiasDolly Duck