På den eine sida var det dei verdslege venstrepartia, kommunistane og Baathpartiet som var syrisk-irakisk inspirert. På den andre sida var det islamistane, som heilt tydeleg hadde store økonomiske midlar, og som dreiv vellykka kampanjar for å lokke til seg ungdommen. Med dei løgnaktige slagorda sine fekk dei i alle fall fort eit overtak på venstrepartia. Eg hadde kasta meg over dei islamistiske publikasjonane og sat igjen med ein bitter smak i munnen. Tekstane deira kunne reduserast til to ord: jihad, heilag krig, og lovnaden om paradiset. Kvar var det blitt av rettferda, den juridiske retten og demokratiet? Gløymde dei at politikk er styring av livet til folk her på jorda og ikkje av livet etter døden?
- Slik situasjonen er i Sudan no, er vi dei einaste som kan redde landet. Berre vent til vi kjem til makta, då skal vi endeleg ta oss av det daglege. Ikkje ein einaste sudanar kjem til å gå svolten, og orden vil bli gjenoppretta.
Slik snakka ein av dei ansvarlege i skolelaget til Den islamistiske redningsfronten, partiet som Hassan al-Turabi hadde grunnlagt.
- De har hatt makta i sju år, saman med Det muslimske brorskapet, og støtta Nimeiri. Kva har de utretta? Anna enn å føre oss ut i dette elendet vi er i no? spurde eg.
Eg fekk bare vage svar, lange monologar om dei islamistiske lovnadene for livet etter døden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kari ElisabethTonesen81RonnyTor Arne DahlKirsten LundPiippokattaCathrine PedersenEivind  VaksvikÅsmund ÅdnøyBirkaBerit B LieLabbelineJohn LarsenHeidi Nicoline ErtnæsLailaTone HLene AndresenTorill RevheimAnne-Stine Ruud HusevågMarit MogstadHilde H HelsethTove Obrestad WøienIngeborgRufsetufsaLiv-Torill AustgulenSynnøve H HoelBjørn SturødReadninggirl30EvaBjørg L.Ellen E. MartolBeathe SolbergNinaAnne Berit GrønbechKjersti STore HalsaIngeborg GToveMathiasDolly Duck