ut kom de til slutt
med hud og hår og negler
og de likna slett ikkje meg, eg
skjøna ikkje kven de var eller kvar
de kom frå, det fekk meg berre til å elske
dykk endå meir, men ein dag, då eg sat der på
golvet, blant smokkar og bleier og tepper og leiker
og dyr i gult og grønt og raudt som spela gamle songar
om igjen, tok de begge tak i meg og reiste dykk opp, til
hovuda dykkar var på høgd med skuldra mi, de stod der
på kvar si side av meg, med høge stemmer og misnøgde
andlet byrja de å rope til meg, eg kjende pusten mot
halsen min, og brått visste eg kvar de kom
frå, brått visste eg kven de var

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolLailaKirstenLabbelineBerit ROleIngunn SBørge NordbøPiippokattaTine SundalRoger MartinsenLaddenAnne-Stine Ruud HusevågFinn Arthur JohansenSaraMads Leonard HolvikToveLinda NyrudAud- HelenRisRosOgKlagingKetilKine Selbekk OttersenVibekeSisselAvaEivind  VaksvikVidar RingstrømLinnAETor Arne DahlMarit AamdalHarald AndersenEvaTrude JensenElla_BMorten MüllerArne SjønnesenBjørg L.gretemorRonnyTanteMamie