Ein gard utan ei matmor som trippar på loftsstigen, er som ein skytung dag, ...
Men ei god matmor er sola som varmar og lyser over garden. Om morgonen er ho den fyrste som stig or senga, knar ein deig, set frukost på bordet åt mannen sin, gjev han niste på vegen når han legg til skogs, og så skundar ho seg med mjølkebytta i handa til kven og mjølkar den brokute bølingen. Så bakar ho, ...Så , medan brødet svell, får ho endeleg frukosten sin, med barnet ved barmen, et ein brødbit, eller ei stekt sild, og tek seg ein slurk surmjølk or kruset. Men ho gløymer ikkje hunden, den trugne gardsvaktaren på trappa, og heller ikkje katten, som plirer svevnug borte ved omnen. - Og no styrer og steller ho att, vender seg og svingar seg, knar ein deig som ho set til gjæring i trauet, bakar han til brød, og i stride straumar renn sveiten frå panna hennar. Men sjå: når sola sig, har ho brøda ferdige, ... Og når mennene kjem frå skogen, venter det dei eit dampande kveldsmål på det kvitskura bordet. Men kvar er matmor sjølv? Der ute på tunet mjølkar ho atter sine krokhornute kyr, og i bytta skvalpar den sakte susande skumande mjølka. - Slik styrer og stellar ho, slik vender og snur ho seg; og fyrst når dei andre snorkar alt dei orkar i djupaste svevn, bed ho kveldsbøna si ved sengkanten. Og endå er det ikkje slutt på arbeidet og strevet hennar. Utan å misse tolmodet står ho opp om natta, rett som det er, nesten kvar time, og roar det vesle barnet som småsutrar i vogga. - Dette, gode brør, er den gode matmor.

( Beklager at dett ble et litt langt sitat, men jeg klarte ikke å korte det mere ned uten at innholdet ble meningsløst. Videre må jeg føye til at det ikke helt er mitt syn på ei god matmor. Ø.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud Kvisten