Sachsenhausen er ein stad med dobbel fortid, ei nazistisk og ei stalinistisk. Historikarene synest det er så vanskeleg å fortelje om slike stader at dei gjerne viser til det dei kallar den Faulenbachske formelen. Den er oppkalla etter historikaren Bernd Faulenbach. Formelen er eit forsøk på å vise respekt for menneskeverdet. Den går ut på at når ein minnest offera for nazismen, må ein ikkje bagatellisere lidningane til dei som vart offer for stalinistisk vald etter krigen. Når ein minnest offera for stalinismen, må ein ikkje gløyme offera for nazismen.