Det at artar døyr ut, er jo ein heilt naturleg prosess, det er noko som har skjedd sidan livet oppstod, og det er noko som vil skje så lenge det er liv på planeten. Men det er to ting som er heilt spesielt med den tida vi er inne i. Det første er at artar døyr ut fleire hundre gongar fortare enn det som er naturleg. Etter at dei første landplantane dukka opp for 450 millionar år sidan, har det vore berre fem masseutryddingar på jorda. Og no er vi inne i den sjette. Dette skjer mens vi sitt her og snakkar, rett utanfor vindauget her, i og rett utanfor byen vår, i Bymarka, langsmed Ladestien og i Tronheimsfjorden, folk er berre ikkje klar over det. Det andre som er spesielt, er årsaka til utryddinga. Det at det ikkje er verken supervulkanar eller meteorittar, men ein av artane sjølv, altså vi, menneskedyret, som står bak katastrofen. Og så må vi naturlegvis spørje oss kvifor vi gjer det, kvifor øydelegg vi det vi veit at vi ikkje kan leve utan? Og hva slags rett har vi til å gjere det?