Det er noko barnsleg med pannekaker, som med kakao og raudbrus og fødselsdagsselskap. Det er då også barndommens pannekaker og pannekakeopplevingar som ligg i botnen, og det er fleskepannekaker (ikkje store fleskebitar, men ørsmå og godt steikte baconbitar) eller pannekaker utan flesk og med syltetøy, helst blåbær. Den vidunderlege lukta i huset når du kom heim frå skulen og tenkte pannekaker! Så lenge sidan sist!