Eg veit ikkje kvifor eg noterte dei namna i notatboka mi. Elena, Nani, Nena, Leni; kanskje likte eg måten Nina uttalte dei på. Ho snakka med jentungen og med dokka i eit behageleg, dialektalt tonefall, eit napolitansk som eg elskar, det mjuke av den leikne og ømme typen. Eg var trollbunden. For meg har språka eit hemmeleg sekret som no og då skummar opp, og som det ikkje finst motgift for. Eg hugsar dialekten i munnen til mor mi når det mjuke tonefallet brast og ho skreik til oss, forgifta av misnøye: Eg held dykk ikkje ut lenger, eg held dykk ikkje ut. Ordrar, brøl, krenkingar, livet spente seg ut i orda hennar, som når ein tynnsliten nerve, straks den er rørt ved, smertefullt skrapar vekk all sjølvkontroll. Éin gong, kanskje to, kanskje tre, trua ho oss ungane med at ho ville dra sin veg: Ein morgon vaknar de opp og finn meg ikkje lenger. Kvar morgon vakna eg og skalv av skrekk. Frå røynda forsvann ho aldri, i orda forsvann ho heile tida. Denne kvinna, Nina, verka derimot roleg, eg misunte henne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein