VÅR I EMNING

I år hadde eg tenkt
å følgje med frå start,
men gåsungane sprang
ut over natta!

Er slikt lov?

Så sette eg meg i solveggen,
(med superundertøy)
Sat heilt stille, som om skallen
var eit kamera på stativ.

-Dikt oss på nytt, kviskra stærane,
ikkje med ord som lukta neftalin.
Nei, frekke som kråkeskrik!

Eg må ha sagt noko
men før eg visste ordet av det,
sto bjørka og gjorde seg lekker
kviskra hést i kveldsbrisen:

Er det fest nokon stad?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethLilleviAvaFrode Øglænd  MalminEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundBjørn SturødLailaStig TTine SundalBjørg L.ToveHeidi HoltanMorten MüllerGro-Anita RoenMarianneVibekePiippokattaLisbeth Marie UvaagMarianne MKarin BergDaffy EnglundRaymonJakob SæthreHilde H HelsethRoger MartinsenAnniken RøilFrode TangenAQuariusNikkaG LTralteElisabeth SveeTanteMamieTone HmarithcSynnøve H HoelIreneleserChristoffer