Også i heimlandet mitt kunne samfunnsfellesskapet finne på å rakne dersom Kyrkja vart borte, same kor glissent det er i benkeradene om søndagene. Slik sett lever også eg i eit fellesskap som er basert på gudstrua. Eller rettare sagt: som er basert på at det finst ein samfunnsinstitusjon der gudstrua blir halden i hevd.