Jødanes gud var ein stammegud, og andre stammar i nærleiken hadde sin gud. Når ein stamme vart erobra i krig, noko som ofte skjedde, måtte taparane erkjenne at vinnaranes gud måtte vera den sterkaste, altså måtte dei begynne å dyrke han i staden. Dei som ikkje gjorde det, måtte vera toskar og illgjerningsmenn.
Men nettopp det at det "fanst" ein gud eller eit knippe gudar pr. stamme, måtte få enkelte til å tenkje at ettersom den eine eigentleg er like god som den andre, kan det vera det same med dei alle, med andre ord: Ingen av dei finst. Dessutan hadde dei kontakt med andre kulturar, både nære og fjerne, og visste at der dyrka dei atter andre gudar. Dette minner om ei enkel, men viktig innvending den britiske filosofen Bertrand Russell såg mot at religionen kan vera sann: Den som blir fødd i kristent land, blir kristen, mens den som blir fødd i hinduland, blir hindu, osv. Hadde Russell vore fødd i India, ville han ha vore ein hindu, slo han fast. Religionen er tilfeldig, og da kan han ikkje vera sann. Det var dei som kom inn i slike tankebanar, som var toskar og illgjerningsmenn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tonje SivertsenOlaugHege H.Harald AndersenHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAud- HelenGrete AastorpTone HJanne Kristin HøylandAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaMargrethe  HaugenVannflaskeTonesen81Heidi HoltanTurid KjendlieLena Risvik PaulsenMarit HåverstadBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete Rambøl