Formødrene mine
og forfedrane
snakka sjeldan saman
Det viktigaste trong visst ikkje seiast
Dei hadde mjøl, gryn, sukker, salt
dei hogg ved frå eigen skog
og tråkka ugraset ned langs gjerdet
Dei sende sauene frå seg på sommarbeite
og henta ungdyra inn att om hausten
med lokkande ord
og nyslipte knivar
slakta dei buskapen sin sjølv
kokte ferskt kjøt i sine endelause kvinnekjøkken
la flesk i salt til året etter
og tidene på sprit, i nykokte glas
Om nettene
målte dei kvarandre i styrke
på bomullslaken, kvite som formors lår
Og dagane kom og gjekk
og dei heldt ikkje hender

Eli Fossdal Vaage

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Astrid SæverhagenGunillaKirsten LundMarianneLisbeth Kingsrud KvistenAnne Berit GrønbechMathiasLailaAnniken LStig TReidun SvensliLilleviMarteAnniken RøilPiippokattaAvaIngunnJEgil StangelandFindusLeseberta_23Marianne  SkageHarald KGrete AmundsenHilde Merete GjessingJoakimGeir SundetIngunn SRisRosOgKlagingWencheHilde H HelsethKarin  JensenAkima MontgomeryJeanetteVegardGrete AastorpTove Obrestad WøienSigmundAgathe MolvikNora FjelliTonesen81