Ein kveld slo det meg, utan nokon som helst grunn, kor frykteleg det ville vere å ikkje kunne motstå ein impuls til å erklære for ei venninne at mor hennar var dum, eller at yndlingssøstera hennar berre kunne bli omtalt med ord som ubetydeleg og innskrenka. Å fortelje henne dette roleg, utan å ty til eit skuldtyngt tonefall eller gøyme meg bak ei usemje, på mest mogleg nøytralt vis, endeframt, medan vi drakk te og alle høyrde på, som om det var noko eg nett hadde lagt merke til … I neste augneblink heldt eg opp med å tenke på desse absurditetane og fall til slutt i søvn, men nokre dagar seinare, medan Susana og eg besøkte nokre venner vi var svært glade i, vart eg overrumpla av freistinga til å utbasunere at husets herre var åndssvak.