JULEBORD I ENKELTMANNSFORETAKET

Bedrifta var samla,
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
og sjefen var meg.

Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las eit dikt,
ja då kosa eg meg.

Sjefen heldt tale,
og skryten fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.

Etter desserten,
gjekk eg frå bordet,
og drog med meg sjefen,
inn på kontoret.

Eg såg meg i augo,
kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte,
det er slikt eg vil høyra.

Ja eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
og fekk sjefen til sengs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTore HalsaHarald AndersenPiippokattaSt. YngheadStine SevilhaugVannflaskeBerit RElin Katrine NilssenCathrine PedersenHelenesiljehusmorHildNina J.B.KristineTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamie