Å skriva eit dikt er no arbeid, det òg. Det vert noko av det same, veit du. Du ser det på dikta til Nygard, når ein ser nærare på dei, at det er ein tømmermann som har gjort dei, ein som er van å hogga i timber. Ikkje noko skrivebordsarbeid. Eg trur no du ser det hjå Vesaas òg, at den mannen hadde lært å bryna ein stuttorv.