Dette hadde tatt nokre år å forstå: at ersom ein brått kjende ein desperat trong til å kvitte seg med eigne kroppsdelar, berre sparke av seg kropp og sjel (mens ein gjerne brølte, eller freste), slik ein sparka av seg tunge, tronge støvlar, var det hormon som var på spel, og ikkje berre ei viss oppfatting av eksistensen, og ein sjølv i han. Om ein brått blei konfronterande sjølv om ein elles heldt seg unna konfrontasjonar, om ein til og med vart ufin, skarp, direkte, om ein helte øll i hovudet på nokon, om ein slengde si eiga veske i bakken midt på Torgalmenningen klokka halv tre om natta i fullt raseri så leppestift og bind og anna veskeinnhald rausa utover, om ein ville slå opp med alle ein kjede, om ein kjende at NO! var det berre NOK! med ALT!, om ein stod på kanten av Sverresborg festning og såg ned på trafikken på E 39 og kjede at ein burde hoppe, kan hende var ein då premenstruell. Somme ville nok påstå: Ein var eit menneske. Dette var allmennmenneskeleg. Men etter mange år som kvinne kunne ein no faktisk ha kviskra, skjult bak handflata: Men det kan også vere PMS. I'm sorry.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

VibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli HagelundReadninggirl30Harald Kmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda NyrudTone SundlandJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine Sundal