«Du må ta han med til ein lege,» sa morfinengelen. «De må dra herifrå. Dette er ikkje ein plass for dykk.» Eg såg han inn i ansiktet. Alt han hadde opplevd, fanst der i desse døde, blå auga. Ei kort stund blei ein gnist tent i dei. Ikkje for han sjølv, men for oss.