Bruno sleppte henne, trekte seg tilbake. Han rørte ved leppa, som blødde, han flirte skamfull, han mumla: Unnskyld, eg trudde at det i alle fall var litt takksemd å hente. Lila skreik: Prøver du å seie at eg må betale et depositum for ikkje å bli oppsagd, er det slik? Han lo igjen, han rista på hovudet: Nei, viss du ikkje vil, så vil du ikkje, punktum, eg har sagt unnskyld, kva anna vil du at eg skal gjere? Men ho var oppskaka, først no begynte ho å kjenne avtrykka etter hendene hans, og ho visste at dei kom til å bli verande der, det der var ikkje ting ein kunne fjerne med såpe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PerSpelemannJulie StensethBjørg Marit TinholtCamillamay britt FagertveitTor Arne DahlThomas Røst StenerudHilde Merete GjessingLilleviBerit REster SKristine LouiseKristin HolvikKirsten LundKarin BergMathildeEllen E. MartolMarit HåverstadPiippokattaAnn ChristinHarald AndersenJanne Kristin HøylandMalinn HjortlandMarianne  SkageAgnete M. HafskjoldTine SundalGroTore HalsaEgil StangelandIreneleserVanja SolemdalIngunn SLeseberta_23Harald KmarvikkisReadninggirl30LailaOdd HebækBerretMariaanniken sandvik