Sia såg han den dagen for seg rett som det var: Slik var den ting, og slik var det. Det var ein av grådagane om sommaren, skyer over all himmelen, men lyst like vel, lyse stod ned gjenom skygluggane over lande og fjorden, stod der til glede for ein grov og vèrsliten ein.