Biskopen var heime på Støylane (1936), og brudgommen baud han på kaffilag og synte fram bruregåvene. Dei hadde mellom anna fått eit sett mokkakoppar og ante ikkje kva dei skulle brukast til, dei såg ut som leikekoppar. Støylen gav svar: "Jau, det skal eg seie deg akkurat morr, når du får gjester så skal du koke ein krutsterke kaffi og servere ein liten sup i desse koppane, gjerne i lag med ein sukkerbit. Det er finfin servering".