Han var den første frå øya (Kvamsøy) som studerte til prest, den første derifrå som tok embetseksamen ved universitetet. Dette hadde auka sjølvkjensla deira, han hadde synt at det går an å nå dei måla ein set seg, dersom viljen er sterk nok. I tillegg hadde han halde kontakten med røtene sine på ein måte som gjorde at sambygdingane var stolte av han. (Skrivaren kan hugse glansen i augo til mormor når ho fortalde om biskop Støylen, ho verka mest forelska).