Eg teikner celler i naturfagboka. Fargar cellemembranen gul, teiknar mitokondrium med tynn blyant. Om Magnus er i same rom som meg, skjønnar alle cellene mine at cellene hans er i nærleiken. Eg teiknar fleire celler og føresteller meg at alle tilhøyrer Magnus. Jo fleire eg teikner, jo betre, eg fargar dei i alle mogelege fargar: hårceller, hudceller, sædceller, blodceller. Eg teiknar et tverrsnitt av eit auge, mitt auge, som tek i mot lyset frå strekmannen som er Magnus. Bildet av Magnus reflekterer inn i synssenteret i hjernen som begynner å sende signal til resten av kroppen, til pusten min, magen min og hendene mine. Alt dette på grunn av mine celler som oppfatter hans celler. Eg får femmar på veggavisa om menneskeceller, ho får henge lenge i klasserommet, kun eg veit at det er eit bilde av Magnus, sett på veldig veldig nært hald.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Alexandra Maria Gressum-KemppiRuneLisbeth Marie UvaagBjørg L.Kirsten LundKristin_Jane Foss HaugenKarin BergMorten MüllerMads Leonard HolvikPiippokattaLene AndresenElinBeTove Obrestad WøienEllen E. MartolDemeteredgeofawordChristofferAQuariuskriraStig TCamillaLailaAnne Berit GrønbechBeathe SolbergMorten JensenIngunnJKari ElisabethLars MæhlumIna Elisabeth Bøgh VigreReidun SvensliMaikenEster SNorahRandiGrete AastorpJulie StensethBård StøreEgil StangelandKristin