Når ein i Danmark det siste tiåret har registrert at stadig større del av folket omtaler seg som kristne, er det neppe eit uttrykk for at vekkingskristendom er på frammarsj i Danmark. Det er meir nærliggande å oppfatte dette som ei form for kulturkristning og som ein reaksjon mot auka kulturelt og religiøst mangfald.