Vi hadde sett fedrane våre banke opp mødrene våre heilt sidan barndommen. Vi vaks opp med førestillinga om at ein framand knapt skulle vere borti oss, mens faren, kjærasten og ektemannen vår kunne fike til oss, for å oppdra oss, for å oppdra oss nok ein gong.