Det er ikkje bra berre å stirre på uretten ute i verda, ein må òg ha auga for uretten i sitt eige miljø, skal alle menneskelege kjensler koma til sin rett. Elles kan det ende med at ein ser berre ein slags urett, -- ja, ein kan bli så rangsnudd av det at det at ein trur at det er retten som sigrar når menneske blir slakta ned.