Og kan hende snakka dei om dei reisande predikantane som kom rett som det var, og som dei måtte ha husrom til, både på Olstad gardane og i Nylund. Nokre av dei var glimrande predikantar, andre skulle ein helst sleppe å sjå. Det var han som delte forsamlinga i to, som ein forsmak på den delinga som Vårherre skal gjere på den ytterste dagen: "Dei som sit på første benk, kjem i himmelen", ropte han, "dei som er på bakerste, skal til helvete !"