Tale tykte ho laut sette seg beint ned der ho stod. Men ho tok seg mannskap for og såg bortetter kirkegaren deira:
Nei sjå kor dei har døydd her òg, døydd og døydd. Ein heil tusterskog med gravkors og merke. Å ja, menneske, du døyr da flittig nok, men korles har du levd?