«Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

Matt 13, 24-30

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliHilde Merete GjessingTor Arne DahlIngunnChristofferAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe Solstad