Eit døme er den kanadiske bonden Percy Schmeiser, som dyrka raps med eigne såfrø. Vind eller fuglar førde patentert Monsanto-pollen over frå grannane sine åkrar, med det utfallet at noko av Schmeisers rapsavling vart av dette slaget - og i neste omgang Schmeisers såfrø. I 1999 gjekk Monsanto til rettssak med høge erstatningskrav mot Schmeiser for at han krenkte deira patentrettar. Schmeiser hevda at naturleg formeiring var ei uunngåeleg følgje av at Monsanto-frøet vart nytta i naturen. Han tapte saka og vart dømd til å betale 120 000 dollar i erstatning.