Fin dag for klestørk, sa eg.
Dei nikka og smilte tilbake. Eg var ei som kunne vise fram laken og dynetrekk til folk som gjekk forbi. Og i denne augeblinken, med sol i ansiktet og nyvaska klede på snora, fekk eg kjensla av å være heilt på høgde med alle andre.