Fjorten år
Vennskapet bleiknar ikkje
frå nokon side.
Skogen likar meg.
Alle slags tre
er glade i meg.
Eg sat ein gong
i eit tiurtopptre,
krona var flat og vid.
Høgt til skogs
og langt frå folk.
Eg hjala ein skogsong
av mine lungers styrke
for eg var i skogen
ein maimorgon
og sat i tiurtoppfurua
det flatkruna kjempetreet
og var fjorten år.
hjale v1 (norr. hjala 'prate, samtale') rope, skråle; hue (II); hulle, sulle (I); ljome
krøtera rauta så det hjala i fjella