[...]
Det visste du ikkje,
at livet ville gje deg
ein drykk
som farga håret ditt
som bleikt lin, --
at nettene skulle bli
din uven
og rite sine minne
i andletet ditt
med sine svarte jarn.
Det visste du ikkje, —
når du vakna
og var som den første
som såg dagen, —
at livet ville krevje deg
for meir enn du makta,
før du mot kvelden vandrar
under dei grå seljene
ved åkanten.
Viser 1 svar.
Nei, det visste jeg ikke, og godt var kanskje det.