Handelsmannen vog opp den vesle kaffiposen, og spurde likesælt medan han passa vekta:
-Vori ut og rodd att?
-Nei.
Mattis og sa det stutt og likesælt, medan det lo inni han. Slik skulle store ting talast om. Rett nok hadde denne same handelsmannen sagt så og så bak ryggen på ein nyleg, men ein fekk sjå bort frå det. Likeins vara han seg for å kjøpe drops desse første gongene - kva var vel kamferdrops no? Han gjekk ut av døra med kaffi og sukker, som han var ein tømmerhoggar frå ville skogen.