Kvifor er du så sint?
(Frukost: Ein halv tomat, ein halv agruk. Ein kopp te)

Trur du folk liker deg når du er slik?
(Lunsj: Eit eple eg ikkje et)

Kvifor er du så lei deg?
(Middag: Ingenting)

Du seier ingenting, nokon gong. Du må snakke, vi må
snakke om ting. No skal vi snakke.
(Trappeløp til eg ikkje klarer å puste)

Vi er glade i deg, det veit du. God natt.
(Eitt brød. Ein boks med smør. Midagsrestar ete
med fingrane. Kjeks og sjokolade. Ost, juice, mjølk,
veit ikkje kor mykje, eg er ute av teljinga. Ein liter
lunka vatn og

tomheita etterpå.
Dette er ein kropp, eit ufortent svar)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundTanteMamieLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_PirelliMorten JensenAvaÅsmund ÅdnøyMarenLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.EvaJulie Stenseth