Gjekk ein ut frå det eine, so kom ein hit, og gjekk ein
ut frå det andre so kom ein dit; og den som ikkje hadde
noko å gå ut ifrå, han vart gangande i ring,
som mann i myrkeskodd. ...
At ein ikkje kunde hava det i all ting som i trui: at
ein hadde det rette og sanne fastsett!
Ei litande politisk katekisme vilde vera ein umissande
ting for ungt folk.
Som det no var stod ein mest upprådd. Skulde ein tenkje
utan rettleiding, var ein som eit skip utan kart og
kompass. Det kunde hende ein fekk ein god tanke.
Men kor kunde ein vita um tanken var galin eller god?

Vilde ein spyrja andre til råds, kom ein ikkje stort
lenger. Det var likso mange meiningar som meinarar,
og kvar heldt si meining for den einaste rette.
Alle hadde dei grunnar i hopetal.
Det var nok ikje kvar manns sak å finne seg til rettes
i slikt eit Babel.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaMats L.Harald KHanne MidtsundAlice NordliToveHelge-Mikal HartvedtWenche VargasIreneleserWencheTor-Arne JensenKirsten LundCathrine PedersenTorill RevheimJørgen NEivind  VaksvikHanneRufsetufsaTanteMamieJoannJoakimKjersti SVibekeEllen E. MartolElisabeth SveeKjell F TislevollMads Leonard HolvikGro-Anita RoenMalinChristofferJulie StensethVannflaskegretemorRandiAStig TAnne Berit GrønbechTone SundlandBeathe SolbergSynnøve H HoelStine Sevilhaug