Nei, nei; eg anklagar.
Eg anklagar samansverjinga
mellom desse aude kontora
som ikkje kringkastar dødens smerte,
som viskar ut skogens lover,
og eg byr meg sjølv fram som føde for dei samanstua kyrne
når brøla deira fyller dalen
der Hudsonelva rusar seg på olje.