at vi vaknar ei natt og høyrer smellet
kjenner det dure gjennom tennene, ruse ut augene
varmen står i halsen, hovudet
kvernar seg klart

vi står opp og går
gjennom huset
vi ligg og lyser augene mot taket
går gjennom alle gode grunnar
til at det ikkje var vårt smell
til at det ikkje var nokon av våre

og morgonen trekkjer seg tung opp
over horisonten
vil ikkje lyssetje dette
vil ikkje lyse over
fleire lausrivne kroppar
vil ikkje ringje vekkarklokkene
vil ikkje løfte menneska
vil ikkje gi dei brødskiver
som var det ein vanleg dag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumVannflaskeRufsetufsaEivind  VaksvikJane Foss HaugenBente NogvaTorFrode Øglænd  MalminG LAnne-Stine Ruud HusevågAnneWangIreneleserBeathe SolbergEli HagelundVidar RingstrømWencheMads Leonard HolvikDemeterAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKaren PatriciaSissel Karlsen FjeldetChristofferKjerstiTorill RevheimAgnesPiippokattaIngunn ØvrebøMorten JensenOda Marie HGro-Anita RoenBerit RmarvikkisFindusDagfinn JakobsenBookiacTone HAnniken RøilBertyEgil StangelandHarald K