Bestemor døydde i 1958. Same året fekk bestefar eit hjerneslag, som gjorde at han vart lam i høgre side. Han vart sittande i ein stol på¨kjøkkenet på Hoem i åtte år, og det var mor som stelte han. Hjerneslaga kom på rekke og rad, men først i 1966 døydde han. Mor stelte i åtte år ein invalidisert svigerfar, så han kunne døy heime, slik han ønskte.