KVIT VIN I HØGE GLAS

Kvit vin i høge glas
Det er kveld og me sit ved bordet
Eg merkar ei stille
når me snakkar saman

Det er sommarkvelden i våre liv
Me kan bli galne av smerte
av at tida går
Men me sit roleg i smaken av god vin

Eg lengtar etter leppene dine
i staden for dei salte
pistasjenøtene
Eg er galen av kjærleik

og har lyst til å springa rundt
heile stova ein meter oppe på veggen
kasta meg inn under bordet
og skriva kjærleiksdikt

på undersida av bordflata
med svarte bokstavar
Eg har lyst til å kvila hovudet
i fanget ditt

og kjærteikna
den mjuke baken din
til fuglane byrjar syngja
Eg vil kviskra

serbo-kroatiske kjærleikssongar
og kyssa nakken din
når den mjuke morgonen stig
Men det er ein roleg kveld

etter ein lang slitsam dag
Eg sit her med vinglaset
ser på deg, sukkar
Du spør:

Kva er det?
Og eg,
dumskolten,
svarar: Ingenting.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundWencheTerje MathisenBookiacLars Johann MiljeritaolineHanneVigdisPer LundWilliam BillisonBjørn SturødINA TORNESLinda NyrudSivHarald KJarmo LarsenTor Arne DahlVannflaskeNicolai Alexander StyveCarine OlsrødDagfinn JakobsenMarianne  SkageAlice NordliGro-Anita RoenIngeborgChristofferHilde Merete GjessingIngunnAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HLinda PaulsenNils PharoTorill RevheimHeleneÅsmund Ådnøy