Eg er berre ein gneiste
av den store eld.
Og som eg kveiktest i myrkret,
skal eg slokna ein kveld.

Eg er den bylgja som brusar
i denne stund,
med nye fødest og fyllest
og gamle sig i blund.

Eg er det bladet som blakrar
i denne vår.
Du skal skjelva i stormen
eit anna år.

Eg er den vakande, eigande,
det auga som ser,
den dropen som no speglar
himmelens vêr.

Eg lever og gløder,
veit ikkje kvi -
Verdi med blomar og kvende
er i dag mi.

Du skal eiga all venleik
på denne jord
når eg longo er burte
og kvorvne mine spor.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Inger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaTine SundalPirelliEivind  VaksvikHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtHarald KElinBeEgil StangelandHanneDemeterritaolineVanja SolemdalOdd HebækHallgrim BarlaupLailaRisRosOgKlagingKristine LouiseKorianderReadninggirl30Lars Johann MiljemgeBjørg RistvedtJulie StensethSolBjørg L.Ava