Botanisk have, Gothersgade 128, København. Det renn frå nasen, det svir i auga, eg tenker at eg er ein idiot som sitt i botanisk hage i midten av mai når eg har pollenallergi. Samtidig kjenner eg meg stolt, på ein litt sta og barnslig måte. Eg har vore på konsert, besøkt ein kamerat og drukke for mykje Tuborg, men det eg har tenkt mest på mens eg har vore her, er likevel det vesle postkortet eg skulle sende deg. Men no sitt eg med ein kulepenn og ein liten, brun papirpose fra Søstrene Grene og veit ikkje om eg kjem til å sende noe postkort likevel, for tenk om det frikar deg ut at eg har vore på internett og leita opp adressa di, tenk om du synest eg er ein jævla galning som held på slik. Eg snur på kortet. Ser bildet av Amagertorv med Cafe Europa der eg har teikna inn meg sjølv som ein liten strekmann på trappa. Det er idiotisk. eg snur kortet tilbake og trykker fram pennen. Beklager, skriv eg, men eg kjem ikkje til å sende deg noe postkort. Sorry. Så legg eg til, heilt nedst: PS: Eg er forelska i deg. Eg ser på kortet. Eg har allereie skrive på adressa, klistra frimerke øvst i hjørnet, gjort alt. No ser det ut som eit postkort som kjem til å bli sendt, tenker eg. Man da eg reiser meg frå benekn, lar eg det ligge igjen. Eg går eit par skritt bortover i grusen før eg snur meg for å sjå om det kjem noen etter meg, ein eller annan som kanskje kan finne kortet og tenke at noen har glømt det der, at dei må ta det med til ei postkasse og poste det for meg, men eg ser ingen, så eg snur meg bare tilbake og går vidare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride Lindseth