Kor er det me IKKJE har vore saman, her i bygda ? Er det ein liten del av asfalten me ikkje har tråkka på alle saman - er det eit tre me ikkje har klatra i, ei dør me ikkje har ringt på og stukke av frå, ein stein ved elva me ikkje har hoppa eller dytta kvarandre frå ? Eller eit jorde me ikkje har bygd halmhytter i kvart hjørne eller leika sisten på, ein sti mellom trea opp mot den store steinen me ikkje har funne, ikkje gått på, sprunge på ?