Eg skal ta den for deg, Karoline, sa du, og dermed kom du meg i forkjøpet med å avlaste henne. (...) -Synest du ikkje det er tungt i det heile tatt, du? spurde ho da ho såg at du brukte berre ei hand til å bere stokken. -Tungt? sa du, du var raud i fjeset, og det var så vidt ikkje armen rauk i to på midten, men du kunne ikkje begripe kva ho snakka om.