Ennå på vegen

Ennå er du på vegen mot ukjent land.
Du veit ikkje kva som skal møte,
veit ikkje kva som kan hende.
Um du maktar å gå han i til ende,
står ein annans hand.

Veit ikkje kva som er attanfor
neste sving.
Hendingar ventar deg der
eller kjem deg i møte.
Dagar med ljos og skugge,
netter med myrker og stjernor.
Kan hende vàrast du når du kjem lenger,
at du har gått i ring.

Likevel dulpar ei glede
avdi du fekk mod til å halde fram
da alt ville brotne,
da livet det galdt.

Nå står du her ser deg attaende
og takkat for alt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Hilde H HelsethAvaAgnesrubbelPiippokattaToveMarianne AugustaDemeterHeidi BBMarit HåverstadAud Merete RambølKirsten LundG LNorahRagnar TømmerstøSiri S.Astrid Terese Bjorland SkjeggerudMonica CarlsenTorill RevheimVidar RingstrømMonaBLEli HagelundAnne Berit GrønbechDaffy EnglundHilde MjelvaJane Foss HaugenSigrid Blytt TøsdalEivind  VaksvikTanteMamieLilleviMathildeTurid KjendlieAnniken RøilTor-Arne JensenTone HRonnyPär J ThorssonmarvikkisCatrine Olsen Arnesen