Talar (kviskrande, men med tydeleg uttale) Borgarar av Itaguahy, vi er ikkje kakerlakkar! Kvifor gøymer vi oss? Kvifor held vi oss i avkrokane av vår eigen by?
Ivrig applaus, men knapt høyrbar
Ei røyst Død over Bacamarte!
Unisont Død over Bacamarte!
Dørklokka. Panikk. Ein gamling kjem inn, det er skomakaren
Dei øvrige (kryp fram frå gøymestadane, roper varsamt) -- Godt sagt! -- Veldig bra! -- Nettopp -- Vi er ikkje kakerlakkar! -- Vi er ikkje kakerlakkar!